<
>
Download

Aufsatz
Politik

Kristiansand Katedralskole Gimle, Kristiansand

5/6, Vibeke Lauritsen, 2017

Emilie H. ©
2.70

0.06 Mb
sternsternsternsternstern
ID# 78064







K. , KKG, 16 år

Skrivekonkurranse om språk og demokrati


Kor viktig er språket for vårt demokrati?

Språk er ein viktig del av demokratiet vårt, men kvifor er det slik? Og gir fleire språk i vårt samfunn eit betre demokrati?

Språk er noko som alle har, og dei trenger ikkje vere like. Nesten alle land har forskjellige språk, eller kvartfall noko med språket dykkar som gjør det til dykkar språk. Språket i Norge er noko som er unikt for oss, anten om ein skriv nynorsk eller bokmål, eller uansett kva for ein dialekt ein snakkar.

For å ha eit demokrati må ein også ha eit felles hovudspråk, slik at alle kan forstå kvarandre. Utan eit felles hovudspråk vil ikkje alle innanfor eit land, om det er eit demokrati eller ikkje, klare å kommunisere med kvarandre. Dette vil gjøre det vanskelig å holde eit demokrati gåande, fordi folk vil misforstå kvarandre.

I eit land kor ein har eit dårlegare demokrati enn i Norge, kan ein av grunnane bak det vere at dei ikkje har eit hovudspråk som alle innbyggarane snakkar eller forstår.

Å ha mange forskjellige språk vil ikkje nødvendigvis sette ein dempe på demokratiet, men i følgje studiar heller gi eit betre demokrati1. Grunnar til dette er at eit fleirspråkleg samfunn fremje respekt, toleranse og likskap. Altså, det minskar sjansen for at rasisme og fordommar skal oppstå i samfunnet.

Språk er det som gjer at vi kan kommunisere med kvarandre og gjer at vi har ein følelse av fellesskap i landet vi tilhøyrar, dette er ein viktig del av demokratiet i eit land. Å ha fleire hovudspråk, eller at ikkje alle snakkar hovudspråket kan føre til misforståingar, som i noen samanhengar kan vere ganske farlige, men å ha mange forskjellige språk i eit samfunn trenger ikkje berre vere negativt.

Det kan minske sjansen for rasisme og fordommar og utvidar kulturkunnskapen til innbyggarane i landet. Det viktigaste demokratiet i eit land kan gjere for å sikre språkkulturen, er å få alle til å føle at dei er ein del av den.

1Kjelder:


Rolland T. (2008), Flere språk gir bedre demokrati. Hentet fra:

Side 1 av 1



| | | | |
Tausche dein Hausarbeiten